Liv Signe Navarsete - eg veit kva eg snakkar om!
Tidlegare senterpartileiar Liv Signe Navarsete frå Sogn er van med hardt vêr. Før ho kom inn i rikspolitikken, hadde ho vore gjennom fødselspsykose, blitt enke og hatt eineansvar for eit småbruk. Men om bagasjen var tung, inneheldt han også verdiar Navarsete visste kor viktig det var å slåst for. Og slåst, det har ho gjort. Boka tek oss med på innsida av store gjennomslag og bitre nederlag. Til venskap og vonde personkampar, til bakrom og hotellrom. Til Statsministerens kontor - og heim til Sogn, dit ho også drog då ho vart langtidssjukemeld med PTSD i 2015. Historia om toppolitikaren Liv Signe Navarsete kunne ha enda der. I staden kom ho tilbake og gjorde det beste stortingsvalet nokon senterpartipolitikar har gjort.