Berge Furre - eit liv i rørsle
«Høvding» og «bauta» blei Berge Furre kalla då han døydde i 2016. Landet rundt mante minneorda fram den skjegløygde SV-leiaren, historikaren og presten, kjend gjennom debattar, pensumbøker og preiker over eit halvt hundreår. Nekrologane vektla den stabile og trygge Furre, men då det omfattande arkivet hans blei opna for biografen, såg ho at dette bildet måtte brytast opp. I biografien om Berge Furre og hans tid trer eit undrande, intenst, rastlaust og strategisk handlande menneske fram. Omdiskutert til det siste. Ein mann i rørsle, eit levande menneske.