Gamle menn i syningom
Inngår i serie: Vassbygda-trilogien (3)Vassbygda er ei lita bygd nordvest i Noreg, og ho er den siste staden der innbyggjarane framleis nyttar nynorsk. Ungdomane i bygda er likevel ikkje framande for å ta high five og chille med slush og fluffy cupcakes. Den dagen kongen gjev eit intervju på nynorsk i protest mot at det danske flagget plutseleg vaiar over slottet, må Enella Frø og Bendik Uføre reise til hovudstaden. Kva er det eigentleg som skjer i Oslo? Kan dei kanskje nytte situasjonen til å gjere nynorsken in igjen? Steinkunstnaren Ragnar Åheim får på same tid eit nynorsk berg til å opne seg. Kan "nynorskingane" no glide inn på ein våg dei ikkje visste um? Omtalen er utarbeidd av BS.