Ikkje ver redd sånne som meg

Inngår i serie: Norsk røyndom

Fra forlagets omtale: Sumaya Jirde Ali kom til Bodø som barn og blei behandla som alle andre, ho kjende at ho høyrde til. I boka fortel ho om dei bekymringslause dagane i barndommen. Ho fortel om sjokket då ho fekk høyre om attentatet i Oslo 22. juli 2011, og kva det gjorde med synet hennar på eigen identitet og tilhøyrsel. Ho skildrar kjensla av skam og sjølvforakt, av å bli umenneskeleggjort, og lengselen etter å høyre til. Vi får også innblikk i kva ho gjer for å motverke hat, halde oppe motet og stå for det ho meiner.