Nomaden og bonden
Fra forlagets omtale: "Dikta til Falkeid har alltid vore ein kjær følgjesvein for meg gjennom livet, ein ven som traskar bak meg eller framfor meg, og som eg ikkje treng å snakka med. Men som eg gjerne vil snakka med, og det er det eg prøver å gjera i denne boka. Om eg no går i fjella heime i Hardanger eller på heden i Danmark, så er dikta hans der og minner meg om kvar eg kjem frå, og kvar eg skal tilbake til ein gong. Gjennom å samtala med dikta hans, har eg valgt ut dikt til å ta med seg på livsvegen, dikt til trøyst, og dikt som påminningar." Herborg Kråkevik.