Søsken til evig tid
Fra forlagets omtale: Ei reise 50 år tilbake i tid! Filmane om Oddny og Magnar på Kleiva er sett av nesten to millionar. Dei har levd heile livet på eit småbruk i Naustdal i Sunnfjord. Dei lever tett på dyra og naturen. Å komme til småbruket på Kleiva er som å reise 50 år tilbake i tid. Oddny og Magnar driv garden på gamlemåten. Livet på garden følgjer årstidene og onnene. Journalist Ivar Longvastøl tek oss med tilbake til Naustdal og fortel meir om søskenparet.