Dystopia IV
Dei fire gjenlevande ungdomane er komne bort frå dei verste flaumramma områda ved kysten. Dei er tilbake i ein sivilisasjon der telefon og internett fungerer, transportnettet er i orden, pengane har verdi og det er varer i butikkane. Men handelsblokaden og mangelen på ID-papir skaper likevel problem for dei. Dei reiser til Victors eksentriske onkel Erlend Rikosjett i Berlin, men det spørs om han eigentleg kan hjelpa dei med å komme heim, om han er til å stole på, og om det verkeleg er ingen andre enn dei fire ungdomane som veit om diamantane.