Jørgen Løvland - vår første utanriksminister
Jørgen Løvland var i 35 år ein av Noregs mest sentrale politikarar og ein av arkitektane bak unionsoppløysinga i 1905. Løvland sat i Nobelkomitéen, hadde eit internasjonalt nettverk, og fekk ansvaret for å byggje opp Utanriksdepartementet. Ved å forhandle med stormaktene om ein integritetstraktat, markerte han tidleg Noreg som sjølvstendig og aktiv stat. Den mangfaldige og effektive politikaren vart både respektert og karikert i levande live, men i ettertida er han urettvist komen i skuggen av Michelsen. Med denne grundige biografien maktar statsviteren Per Eivind Hem å løfte Løvland og hans politiske innsats fram i lyset att.