Himmelkyss

"Eg" er ein ung mann med uro i kropp og sjel, og eit ferskt, svart minne som han ikkje kan rømme frå. Men for å halde på ein gammal lovnad møter han opp ved Eros-statuen på Picadilly Circus ein dag før jul. Og ikkje lenge etter er han på veg til Egypt, i følgje med ei handlekraftig jente kalla Sandra. Dramatiske ting skjer både i dei to og rundt dei.