Krig og okkupasjon 1939-1945

Boka er ein samla framstilling av krigsåra i Noreg, slik berre ein historikar kunne skrive den. Magne Skodvin har heile krigen i hovudet, han kan rekapitulere kva som hende dag for dag, han kjenner dei viktigaste detaljane, han ser dei store linjene. I heile etterkrigstida har han samla kunnskap om emnet. No legg han fram sitt definitive oversyn over dei fem omstridde åra.