Ei hand full av stjerner

Gjennom fleire år har ein ung bakargut i Damaskus skrive dagbok. Han finn mykje vakkert, poetisk og artig å fortelje om frå denne byen, der menneske av mange nasjonalitetar lever side om side. Men det finst også armod, urettferd, politisk forfølging og redsel i byen. Den einaste utvegen han ser til å forandre på ting og vere tru mot seg sjølv og sine meiningar, er å arbeide som journalist - i undergrunnen.