Vitskapsteori i sosialt arbeid : tilnærmingar og normative spørsmål

Fra forlagets omtale: Forsking og vitskap handlar om å skaffe seg påliteleg kunnskap. I denne boka gir forfattaren ei innføring i dei grunnleggande føresetnadene for kunnskap innan sosialt arbeid. Etter ein gjennomgang av dei ulike kunnskapstypane i sosialfaga tar forfattaren for seg dei viktigaste tilnærmingane til kunnskapar innan feltet: fortolking, naturalisme, kritisk teori, teorien om rasjonelle val, sosialkonstruktivisme og realisme. Boka viser at tilnærmingane ikkje nødvendigvis står i motstrid til kvarandre, men at dei gjerne er å finne i kombinasjon og utfyller kvarandre.