Kulturmøte i tekstar - litteraturdidaktiske perspektiv
Fra forlagets bokomtale: Viktig bok om tekstlesing og tekstforståing i skolen. Boka drøftar vesentlege tilhøve rundt litteratur og undervisning, og knyter dette opp mot kravet om tekstkompetanse i dei nye læreplanane. Denne artikkelsamlinga gir ulike didaktiske perspektiv på tekstlesing og tekstforståing. Boka tar opp kva som regulerer ferda vår gjennom tekstane, kva som stiller seg i vegen for å utvikle tekstkompetansen, og korleis tekstane kan skape kulturmøte der vi blir utfordra i dei vante førestellingane våre.