Organisert velferd - organisasjonskunnskap for helse- og sosialarbeidarar
Fra forlagets omtale: Boka gir ei innføring i organisasjonskunnskap og er retta mot helse- og sosialfaga. Forfattarane gjer greie for kva som kjenneteiknar organisasjonar i offentleg, privat og frivillig sektor. Vidare presenterer dei ulike teoretiske perspektiv på korleis organisasjonar fungerer, og korleis dette kan påverke arbeidskvardagen til tenesteytarar i denne sektoren. Det gis også greie for nyare reformer i offentleg sektor. Her ligg hovudvekta på NAV-reforma, der sosialtenesta, Aetat og trygdeetaten vart slått saman. Den nye samhandlingsreforma blir gjort greie for i eit eige kapittel.