Betzy Kjelsberg - feminist og brubyggjar

Fra forlagets omtale: Kvinnesaksforkjemparen Betzy Kjelsberg (1866-1950) gjorde mykje ingen kvinner hadde gjort før henne. Ho var blant anna den første kvinna som sykla i Drammen, den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Noreg, den første kvinna i sentralstyret i partiet Venstre og den første kvinna som tok ordet på den internasjonale arbeidskonferansen i Washington i 1919. Kanskje var ho også den første kvinna som irettesette ektemannen sin frå talarstolen på eit offentleg møte - iallfall i Drammen?